lørdag 21. desember 2019

Når julefreden senkar seg - Fotokavalkade

Dagen starta med å fange to vêrar som har gått på Fjørtofta i haust, og som no skulle få reise ut til Uksnøya. Den eine av dei var ein flott vêr som dessverre utvikla for trange horn. Sidan det var for seint å slakte han i haust om vi ville bruke kjøtet, fekk den gå "isolert" i lag med ein årsvêr frå eiga besetning. No skulle desse fraktast ut til ein eigen holme på ca 200 mål. Parringa er no ferdig, men det er greitt å halde dei adskilt litt til, slik at testosteronnivået får roe seg endå litt. Til våren ventar dessverre boltepistolen for ein av dei, medan den andre kanskje får flytte til ny ein ny flokk.

Etter litt skrangling med mjølbøtta, so er vêrane på veg mot oss.
Liv og farfar ventar på vêrane som kjem ned frå beitet
Vel inne i "fella", då gjeld det berre stenge grinda bak dei!
Lasta på traktoren og klar for turen ut til havs
Strandhogg på Storholmen
Strandhogg på Storholmen - Foto: Kjartan P. Fjørtoft
Mykje spennandes mat å smake på
Røsslyngen står fin og grøn etter brenning for nokre år sidan

Godt med røsslyng!
Ulla i det fjerne
Litt leik må til medan vi ser etter husa - Foto: Kjartan P. Fjørtoft
På Uksnøya er havørna aldri langt unna
Skjergarden viste seg frå si beste side i dag
Ser du sauane? Ikkje eg heller!
Mellom bakkar og berg utmed havet
Kjartan ber med litt høy til båten
Fint vêr på årets mørkaste dag - Foto: Kjartan P. Fjørtoft
Den tammaste søya vår "Lucky", fekk gå eit år ekstra, sjølv om ho ikkje hadde lam i år
Tamme dyr gjer at dei ikkje fullt so tamme vert rolegare


Sauane med Blåskjerdingen i bakgrunnen

Vêrane Ragnar og Trampe på veg mot meg
Og resten av flokken hakk i hæl
Er dette trygt då?

Fôring i vintersola - Foto: Kjartan P. Fjørtoft
Sauane får ein smakebit med høy. Då vert dyra trygge på oss.
Sauane får ein smakebit med høy. Då vert dyra trygge på oss.
Sauane får ein smakebit med høy. Då vert dyra trygge på oss.
Sauane får ein smakebit med høy. Då vert dyra trygge på oss.
Vêren Ragnar Sørheim
Haramsfjella i bakgrunnen
Slike dagar lever ein lenge på!
Vinterstemning i havgapet
Mange av årslamma som vart temt dukka opp for ein smakebit!
Tamheit går i arv, både i genar og i lært adferd (Eldstemor Bella til høgre)
Liv nyt livet som sauebonde

Og med det kan julefreden senke seg på Uksnøya. Ha ei strålande jul!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!