Lauet på trea har starta å skifte farge, og dei som enno ikkje har fått ordna seg ny vêr har truleg starta å sveitte so smått. For min del har det vore ei utruleg hektisk tid, og det å reise rundt for å finne seg nye vêrar har ikkje vore lett å prioritere. Sist helg var det heldigvis tid for ein alder so liten vêrsafari.
Laurdag reiste eg, Susanne og Natalie ut på Skjelten, ikkje langt unna der eg bur, for å treffe villsau- og fuglemannen Egil Flem. Ikkje før bilen var parkert, skjønte eg at her var det nok meir enn villsauvêrar å kike på, for rundt oss vrimla det av fuglar, og inne på tunet gjekk det også nokre flotte miniesel! Før vi kunne sjå på vêrane, måtte vi sjølvsagt helse på esela. Natalie og Susanne tenkte nok på om vi ikkje heller kunne ta med eit par av desse i staden for!
|
Egil, eit miniesel-føll og Natalie finn tonen |
Etter å ha helst på esela, gjekk turen ned for å treffe vêrane. Desse gjekk i eit eige gjerde, der vêrar frå fleire besetningar gjekk samla. Eg må innrømme at eg hadde gløymt kor store vêrane vart, etter å berre ha hatt 1 til 3 åringar dei siste åra. Heldigvis var dei tamme nok til at eg fekk både kika og knepe litt på dei to risbitane som skulle selgast igjennom gjerdet, for rett som det var dundra dei i hop so det klang i bølgeblekktaka rundt oss.
|
Her smell dei to risbitane i hop - eit blinkskot av Susanne. |
Vêr vart det på oss, og som ein del av handelen vart Egil løvd ein tur ut til meg for å kike på drifta vår også.
Søndag var det klart for ny tur, då vi hadde avtalt å kjøpe ein vêr frå ei besetning på Aukra.
Vêren slekta frå sauane til Ingolf Mork, ein av pionerane innan villsau i Møre og Romsdal, og sidan det var lenge sidan vi hadde hatt dyr derifrå passa det godt å nytte det fine vêret til å hente vêr nr 2.
Vi tok båten til Terje frå Brattvågen og vêret var det lite å seie på.
|
Susanne nyt det flotte vêret på veg mot Romsdalen. |
|
Herlege temperaturar og flatt hav - då kan ein lufte litt ekstra, sjølv i 30-knops fart. |
Ikkje lenge etter susa vi inn til Smoge Småbåthamn for å treffe Knut Oterhals og kona hans der. Med seg hadde dei ein staseleg kar, ein risbit som dei helst ville sleppe å slakte. Han var svært so tam og kva passar vel då betre enn å få ta ein tur til Uksnøya for å hjelpe meg å temme resten av flokken?
|
Natalie stiftar kjennskap med den nye vêren, som fekk namnet Kjell. |
Etter at vi hadde fått kika på vêren og snakka med dei trivlege "kollegaane" var det klart for signering av transportdokumenta frå Mattilsynet og lasting av båten.
|
På veg ombord i båten og berga frå slaktaren for denne gong. |
På veg mot Fjørtofta, var vêren so roleg, at Natalie og Amalie fekk fôre han med rogn som dei hadde teke med frå Aukra.
|
Fôring i 28 knops fart - ikkje kvardagskost for villsauar |
|
|
Heime på Fjørtofta venta dei 5 andre vêrane, som seinare skal til nye eigarar. Eg var litt spent på korleis det første møtet ville gå, men sidan dei var sopass mykje større og brunsten enno ikkje var i gong, trudde eg at det skulle gå rimeleg greitt. Malo, Kvitfjes og dei andre vêrane tok det roleg i varmen, men når ein inntregjar vart oppdaga i gjerdet deira vart dei meir interesserte.
|
Vêrane står oppe på haugen og speidar utover. |
Når ein ny vêr kjem inn i flokken, må den gjerne slost med alle dei andre, slik at rang skal etablerast. Stakkars Kjell fekk ein hard velkomst i flokken, og vi heldt oss i nærleiken for å følje med at ting ikkje kom ut av kontroll. Etter at dei verste basketaka hadde gitt seg var han usikker på dei andre vêrane og søkte mot oss, men etter litt megling i form av roleg driving rundt i gjerdet, fann dei til slutt tonen.
|
Kjell trekkjer unna dei andre dyra etter ei noko lunken mottaking |
Kjell ser i alle fall ut til å vere ein skikkeleg kosevêr, noko som kjem godt med når vi skal prøve å lokke til oss han og dei andre dyra ute i Uksnøya til vinteren. Det vert spennandes å sjå korleis det går når vêren til Egil Flem seinare kjem ut på Fjørtofta og korleis dei nye vêrane då finn tonen. Då er i alle fall to vêrar på plass, so får vi sjå kor vi reiser i neste episode ;)
Ha ein fin haust, og del gjerne Villsausida med andre du trur kan vere interessert i å om villsau!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Legg gjerne igjen ein kommentar!