Har du nokon gong tenkt over kor maten din kjem i frå? Sidan dei fleste nordmenn framleis føretrekk norskprodusert mat, er svaret truleg ja. Men kor maten din faktisk kjem i frå, er mykje meir komplisert enn ein skulle tru.
Sjølv om ein stor del av maten vi et er merka produsert i
Norge, vil det ikkje seie at maten faktisk er norsk. I ei tid der bøndene må
effektivisere meir og meir for å prøve og halde følje med velstandsutviklinga og
kostnadsnivået elles i samfunnet, har ein gått frå småskala og sjølvberging til
større og større gardar som i stor grad er avhengige av tre ting: kunstgjødsel,
diesel og kraftfôr. Desse tre faktorane gjer at ein gardbrukar i dag produserer
svært mykje meir per årsverk enn det forfedrene våre gjorde. For å få hente ut
gevinst, har ein også gått frå små nette dyr som fann mykje av maten sin i
utmarka sjølve, til større og meir kjøtrike dyr som treng anten
fullfôring eller tilskot av fôr i stor grad. Og medan det for mange nordmenn tidlegare var normalt med eit kjøtmåltid i veka, er dette i dag for mange endra til både
6 og 7 måltid. Mykje av denne veksten i kjøtforbruket kjem frå gris og kylling,
som berre med nokre få unntak vert produsert innandørs og er fullfôra med
kraftfôr. I dag kjem 40 % av råvarane til norsk kraftfôr frå utlandet, og om
ein ser på den svært viktige proteindelen i fôret er heile 94 % importert. I hovudsak kjem dette frå Brasil, eit land
der avskoging av uerstatteleg regnskog skjer i eit voldsomt tempo for å forsyne
vår umettelege appetitt på kjøt. Den siste tida har diskusjonen rundt bruken av
palmeolje i norsk kraftfôr også blitt diskutert i media, både grunna
helsemessige årsaker og belastninga palmeoljeproduksjon har på uerstatteleg
natur.
Sjølvforsyning, berekraft og attgroing
Når ein ser på fjernsynet eller i avisene om korleis
menneskje rundt om i verda kavar og slit for å dyrke mat i ørkenstrøk eller i
næringsfattig jord, kan ein undre kvifor vår eiga matjord veks til eller vert
bygd ned av hus og kjøpesenter. Svaret er såre enkelt; kostnadsnivået i Norge
gjer det ikkje lønsamt å drive jorda for dei som bur her. Landbrukstilskota i
Norge fungerer på sett og vis som ei kunstig andedrått for å hindre at ein total kollaps i norsk landbruk gjer oss heilt avhengige av import. Dei bidreg
også med å sikre norske arbeidsplassar. Ikkje berre til gardbrukarane, men også
til næringsmiddelindustrien, lokalbutikkar, verkstader, lastebilsjåførar osv.
Mykje av Staten sine utgifter kjem på den måten inn igjen i kassa via skatt og
avgifter. Tilskota er i stor grad politisk styrte for å pendle produksjonen av
maten vår inn på sporet politikarane ønskjer. So langt har dette sporet vore
meir og meir industrialisering av landbruket. Fôr- og mjølkerobotar, større
traktorar og næringsrikt kraftfôr har vore nokre av faktorane som har sikra auka i effektiviteten
Dyrevelferd i ein industriell kvardag
Debatten rundt korleis dyra har det i denne nye røynda,
blussar opp frå tid til anna. Innanfor spesielt kyllingproduksjonen har
dyrevelferda i beste fall vorte sett på som tvilsom, med dyr avla fram til å
vekse raskare enn skjelettet greier å bere dei, på små areal og heilt utan
kontakt med naturen forfedrane deira ein gong var skapt for å leve i. Heller
ikkje norske grisar får mykje «friskluft» eller tilgang til å finne maten sin
ute i naturen. Situasjonen er betydeleg betre for storfe som får gå ute på beite
på sommarferie, og snart skal dei også få moglegheit til å gå ut resten av året også. Storfe bidreg
også i stor grad til å halde landskapet ope ved at ein stor del av kosten er
norskprodusert grôvfor. Likevel er dei storferasane som er i produksjon i dag
so store og tunge at dei ikkje kan nyttegjere utmarka slik dei tradisjonelle
storferasane gjorde tidlegare. Dette er ein av hovudgrunnane til attgroinga i
Norge. Norske sauar er endå "flinkare" enn storfe til å nytte norsk natur som matkilde, og sauen er
dyret ein oftast treff i norsk utmark. Utviklinga med større og meir kjøtrike dyr har rett nok skjedd i
mange sauehald også, med meir kraftfôrbruk og ikkje minst den
naudsynte fullfôringa med grovfôr vinterstid for dyra som står inne.
Politiske mål og sjølvforsyning
Når grada av sjølvforsyning er eit viktig politisk mål, må
ein også ta med kvar maten dyra et kjem i frå. Då vert det endå viktigare å sjå
på kva ressursar ein har til rådigheit, og korleis ein kan nytte desse. Og det
er her villsauen kjem på bana. Den gamalnorske sauen er akkurat det motsette av
det resten av norsk landbruk går for; den er liten, nøysom og uindustriell. Den
har eigenskapen til å finne all maten sin sjølv, året rundt, gitt at beita er i
god hevd og store nok, og at ein unngår dei aller største snøfalla. Utegangarsauen er rett nok mindre kjøtrik samanlikna med dei store sauerasane, men sett
opp i mot kva som går «inn i sauen» er den svært effektiv og kan nyttegjere seg
av «restane» den industrielle delen av norsk landbruk ikkje kan; utmarksbeiter,
lyngheier, tang og tare. Og om ein kan redusere behovet for fôr frå innmark,
frigjev ein også verdifull matjord til mellom anna grønsaksproduksjon, noko vi kjem til å trenge meir av i tida som kjem. Ei auke i villsau i
utedrift vil ikkje berre redusere attgroing, men også produsere mat utan særleg
bruk av kunstgjødsel, diesel og «regnskog-kraftfôr».
Eit anna viktig punkt er at dyra går ute i naturen og får
utløp for naturlege instinkt og behov. Dei vel sjølv maten sin eller kor dei
skal opphalde seg innan for områda dei har til rådigheit. Dei kan legge seg ned
når dei ønskjer det, og veks i deira eige tempo. Om mat har ein moralsk
prislapp på seg, trur eg villsaukjøt er noko av det rimelegaste kjøtet du kan
ete.
Økonomiske rammevilkår
Det er få som i dag driv villsau for pengane sin del. Dei fleste er
entusiastar og har dyra som attåtnæring eller for å hindre attgroing. Dessverre
har mange av desse dei seinare åra mista eit av insentiva for villsaudrifta
si. Grunntilskotet for villsau for lammeslakt under 13 kg vart teke bort som
eit ledd i få fram større slaktevekter, noko som gjer at ein anten må avle fram
større dyr, eller halde lamma til dei er 1,5 år gamle. For begge alternativa er
svaret ofte kraftfôr eller grovfôr frå innmark for å få slaktevekta høg nok til
å få dette tilskotet, stikk i strid med det som bør vere målet i det større
perspektivet. Eit anna problem er at fleire slakteri ikkje ønskjer å kjøpe
slakt av villsau so lenge ikkje vektene ligg nærare det som er vanleg for anna
norsk sau. Det er også signal om nye større omleggingar i tilskotsordningane
der ein fjernar basistilskota og legg opp til at alle tilskota skal kome i form
av slaktetilskot på dei største lamma. I sum skaper desse faktorane eit voldsomt press
om stadig større slaktevekter, men dess større dyra vert avla fram, dess
dårlegare vert dei til å greie seg av utmarka åleine. Dette er hovudårsaka til
at dei fleste andre sauerasane står inne vinterstid. Dette presset har også
ført til andre «kreative» løysingar, mellom anna at ein kryssar inn større
saueraser for å få opp slaktevekta. Jaget mot større slaktevekt utgjer difor over
tid både ein stor trussel mot villsaurasa og eigenskapen dei har til å
nyttiggjere seg av utmarksareala vinterstid. På sikt kan det altso gjere at
villsauen også vert avhengig av mellom anna tidlegare regnskogareal for å
produsere «norsk mat».
Kystlyngheia - ein trua naturtype
Store delar av areala som er egna til villsaudrift på
Norskekysten er i dag ute av drift og veks difor meir og meir att. Noreg
forvaltar ein tredjedel av det totale arealet med menneskapt lynghei i Europa. Norge
har difor eit særskilt ansvar, og det er villsauen som er den viktigaste reiskapen
for å sikre desse lyngheiene. Om ein
hadde fått til ei attraktiv villsaunæring, der økonomien var god nok til at det
vart eit press for å nyttiggjere seg av desse areala, kunne ein skapt
arbeidsplassar i utkantane, hindra attgroing og produsert ein betydeleg del av
norsk mat på norske ressursar. Kva virkemiddel og satsar som må til for å få
til dette er ei meir kompleks sak som eg ikkje skal gå for langt inn på no,
men ein god start hadde vore å gi gammalnorsk sau eit eige klassesystem og
vektgrenser for å hindre at ein misser viktige tilskot som følgje av eit system
som er tilpassa større sauerasar. Ei bevisstgjering av forbrukarane rundt
konsekvensane av deira matval er også naudsynt, slik at dei ser at større ikkje
alltid er betre.
Kystlyngheia - ein trua naturtype |
I ei framtid prega av endå større knappheit om maten er mitt
håp at ein ser på den totale prislappen; både moralsk, miljømessig og
økonomisk, og vurderer korleis ein kan nyttiggjere seg av norsk natur og
landbruksareal for å best mogleg produsere nok god mat med bakgrunn i god dyrevelferd. Mykje av løysinga er ein reduksjon i forbruket vårt av kjøt, men ein treng også
ein meir berekraftig produksjon der ein ikkje legg uerstatteleg regnskog øyde
for å produsere norsk mat medan vår eiga matjord og utmark gror att.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Legg gjerne igjen ein kommentar!