I morgon 7.7 brakar det laus for sommarens store hending; sauesanking!
Fredagen gjekk med til å klargjere samlekve, gjerder, ledenot, øyremerkjer, medisin og alt anna som høyrer med.
Dessverre tok det slutt på det fantastiske sommarvêret vi har hatt den siste tida og i 12 tida var skodda allereie ganske tjukk.
|
Skodda gjer sitt inntog. Fjørtofta i det fjerne. |
Vel ute starta vi med å fullføre det nye samlekveet, eit resultat av god utvikling i lammetal, og for å gje dyra betre rom under sankinga.
|
Montering av ei skillegrind nybygget |
Vi fekk også plassert vekta og kalibrert denne. Plasseringa av vekta gjer at vi brukar denne som grind for dyra ut av klippeområdet og ut i samlegjerdet der dei går til alle er ferdig. Ved å la dei roe seg i lag vert dyra rolegare og ikkje minst rolegare nær folk.
|
Kalibrering og testing av vekta |
|
Godt arbeid krev god mat! |
No er det meste klart, og om ikkje kuling og lurande sjukdom sett krokfot får vi tru dette vert ein flott dag!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Legg gjerne igjen ein kommentar!